Shopping security
Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814
Det har lenge vore stor internasjonal interesse for norsk språkplanlegging og språkstrid etter 1814. Heilt frå Harvard-professoren Einar Haugen studerte språkstriden i Noreg, og utvikla forskingsfeltet språkplanlegging på 1960-talet, har nyare norsk språkpolitikk og språkutvikling hatt ein sentral posisjon i den internasjonale teoridiskusjonen innan språkplanlegging.
Denne boka analyserer og drar linjer gjennom heile 200-årsperioden frå unionoppløysinga i 1814 til i dag. Det er eit godt høve til å gjera ein slik analyse no. Med reformene i 2005 for bokmål og i 2012 for nynorsk er vi nemleg tilbake til ein situasjon der dei to målformene blir normerte kvar for seg og utan omsyn til kvarandre – slik det var for landsmål (nynorsk) i 1901 og for riksmål (bokmål) i 1907, før samnorskpolitikken. I tida imellom reformene tidleg på 1900-talet og no – og før, på 1800-talet – ligg periodar med politisk unike språksosiale eksperiment, som det ikkje finst kjende parallellar til nokon stad i verda. Det er ikkje noko å undrast over at verda rundt oss er interessert i denne politikken, når ein ser resultatet i dag: To norske skriftmålsformer som kvar for seg har vide rammer for ulike ord og ordformer, og eit land med meir dialektbruk enn i noko anna europeisk land. Denne boka fortel korleis og kvifor Noreg er blitt eit slikt språkleg annleisland.
Ernst Håkon Jahr er professor dr. philos. i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Agder.
Innhald
Innleiing: To moglege språksosiale revolusjonar etter 1814
Språkplanlegging
Del I: Den språknasjonale perioden 1814-1917
Språksituasjonen etter 1814
Frå normalt til unormalt, Kva om 1814 hadde skjedd i 1714? Er Noreg gammalt?
Kor gammalt er Noreg?
Ivar Aasen og dei norske dialektane, Aasen-normalen, Hovudpunkt i Aasen-normalen, Éin dialekt – eller alle?, To kulturar, Målrørsla – dei første organisasjonane, Kampen i Stortinget, Jamstillingsvedtaket (1885), målparagrafen (1892), Den første offisielle landsmålsnormalen, «Hægstad-normalen» (1901)
Tekstprøver
Knudsen-programmet og 1814-Noreg
Knud Knudsens idé, Nasjonalromantikken og overklassen, Knud Knudsens program vinn fram
Norsk eller dansk?
Blandingsspråk, Når blei skriftmålet (riksmål/bokmål) norsk?, Rettskrivingsreformene 1907 og 1917, Hovudpunkt i riksmålsreforma i 1907
Tekstprøver
Fram mot 1917-reforma
Landsmålet på frammarsj, Austlandet og bydialektane, Språkleg samling?, Grunnlagsdebatt
Del II: Den språksosiale perioden 1917-1966
1917-reforma
To riksmålsvariantar og to landsmålsvariantar, Kryssing av språksosial grense, Det radikale riksmålet, Hard strid i første halvdel av 1920-åra
Fornorsking av stadnamn
Striden om talemålet i skolen
«Grimstad-saka», Talemålet i skolen – eit regjeringsspørsmål, 1924: Talar elevane riksmål i Bergen?
Arbeidarpartiet tar grep
Dei politiske partia og språksaka, Halvdan Kohts utgreiing «Arbeidarreising og målspørsmål» (1921), Avklaring i Arbeidarpartiet, «Breiare plass for folkemålet»
1938-reforma
Ny normbasis for bokmålet 100, Nynorsksida splitta etter 1938
Tekstprøver
Etterkrigstid, 1945-1966
Riksmålsrørsla tar ny sats – motrevolusjon, «Foreldreaksjonen mot samnorsk» (1951), Eiga riksmålsnorm – «Øverlands blå ordliste», Norsk språknemnd (1951), Hovudpunkt i «Ny læreboknormal» (1959), Talordreforma 1951 – «den nye tejemåten», Hard strid i 1950-åra, Tilnærmingspolitikken på vikande front – motrevolusjonen vinn fram 116, «Språkfredskomiteen» (1964), Landslaget for språklig samling, NRK-språkbruk: Strid i 1930-åra, og frå Smedbye-saka til Ingerid Stenvolds dialektbruk
Del III: Frå ein-standardstrategi til permanent to-standardtilstand 1966-2015
Ei ny tid med andre perspektiv og nye utfordringar
Nytt språkpolitisk klima, nye språkpolitiske spørsmål, Nye argument for nynorsk, Norsk språkråd og reforma i bokmål 1981, Hovudpunkt i 1981-reforma i bokmål, Stortinget avviklar samnorskpolitikken (2002), Bokmålsreforma 2005, nynorskreforma 2012, Ny norsk språklov trådde i kraft 2022, Språksituasjonen no
Tilhøvet til engelsk, Sidemålsopplæringa, Bokmål/nynorsk 136, Talemålet – dialektbruk og normalisering
Tekstprøver
Språkstrid og språkplanlegging frå 1814 til i dag
I Den språknasjonale perioden 1814-1917
Aasen-linja og Knudsen-linja
II Den språksosiale perioden 1917-1966
Språkreformene
III Frå ein-standardstrategi til permanent to-standardtilstand
Språkfredskomiteen, Ein ny språkpolitisk situasjon – bokmålsreformene i 1981 og 2005, Nynorsk – reform i 2012, To-standardtilstand godtatt
Sluttord – det språksosiale annleislandet
Litteratur
Illustrasjonar
ISBN 978-82-8390-187-0, 159 sider, heftet
Format: 14,5x22,5 cm, vekt 0,4 kg, publiseringsår 2026, språk: nynorsk
Ships within 48 hours · Estimated delivery Jun 21 - Jun 26
US$40
Get nowSign up to your membership to get coupons up to
15%
Get nowOpportunity to enjoy order discount up to 15% off
Top-Converting Item to Boost Your Average Order