Shopping security
I denne boka har ein lagt vekt på å vise spennvidde og variasjon ved den norske langeleiken. For fyrste gong har forskarar undersøkt langeleikmaterialet i heile Noreg. Gjennom feltarbeid og systematisk tilnærming til det eldste materialet – og ei rekke andre kjelder – har ein greidd å avdekke mangfald i konstruksjon og utforming, dekorasjon og stil ved eit elles lite kjend musikkinstrument. Slik blir vi aller mest kjende med ein handverkstradisjon der musikken åleine ikkje har vore målet, men som i staden uttrykkjer ein brei, allsidig og folkeleg tilnærming til ei rekke kunstariske uttrykksformer.
Ein har lagt vekt på å setje materialet inn i kjende kulturhistoriske, musikkhistoriske og organo-logiske samanhengar, og ein har dokumentert prosessar og fenomen som ein tidlegare ikkje har greidd å sjå i samanheng. Det er eit mål med boka at ho skal inspirere til vidare forsking, men aller mest framhald av produksjon av langeleikar. Slik håpar vi å vidareføre ein stolt og ubroten musikk- og handverksproduksjon i Noreg.
ISBN 978-82-8390-073-6, Institutt for sammenlignende kulturforskning. Serie B: Skrifter CLXXVI (176). 517 sider. Hard perm.
Ships within 48 hours · Estimated delivery Jun 21 - Jun 26
US$40
Get nowSign up to your membership to get coupons up to
15%
Get nowOpportunity to enjoy order discount up to 15% off
Top-Converting Item to Boost Your Average Order